Kampanjeperioden er kanskje over, men det er ikkje kampen for eit framtidsombod! tter å ha oppnådd 1000 underskrifter på oppropet vårt og fått åtte nye organisasjonar med på laget seier kampanjeutvalet seg nøgde med vårens kampanje. Me har plaga politikarane med møter og hinderløype, me har hatt debatt i Ås, Trondheim og Oslo, og det heile starta med ein vellukka lanseringsfest på Kulturhuset.
Der fekk godt over hundre glade sjeler høyra Noregs leiande miljøfilosof Arne Johan Vetlesen snakka om det etiske ansvaret me har ovanfor framtidige generasjonar. I tillegg heldt nasjonal talskvinne i Miljøpartiet dei Grøne, Hanna Marcussen, og leiar i Natur og Ungdom, Arnstein Vestre, engasjerande appellar. Brageprisvinnar Ruth Lillegraven las opp eit utval vakre dikt og Leif and the Future og Mmm stod for svingande musikalske innslag. I Ås var Framtidsombodet tema på Framtidskafé. Ettersom Framtidsombodet er eit relativt nytt tema for dei fleste Ås-studentar ynskte Spires lokallag ein presentasjon som svara på ”who, what and why”. Utfordringa tok Lene og Synneva frå kampanjeutvalet på strak arm. Samstundes stakk kampanjeleiar Lina til Trondheim for å vera ordstyrar på ein debatt om jordvern. I panelet sat eit breitt utval av representantar frå lokalpolitikken i Trondheim. Dei gav eit godt bilete av kor komplisert og kompleks kommunepolitikk kan vera. Ordstyrar konkluderte på vegner av partia med at eit framtidsombod ville gjort debatten kring jordvern versus utbygging mykje enklare. Ettersom Framtidsombodet må bli vedteke på Stortinget for å bli etablert har en prioritet for kampanjen vore å driva lobbyarbeid. Me har hatt møter med ein fin bukett politikarar. Det mest fruktbare lobbyarbeidet har resultert i er at Miljøpartiet dei Grøne har stilt spørsmål til utgreiingseksjonen på Stortinget om korleis Framtidsombodet kan opprettast. Me gler oss veldig til dei kjem med svara sine, for me er overtydde om at det vil styrka saka vår. For å gjera fleire politikarar merksame på kampanjen for eit framtidsombod bygde me ei svær hinderløype for berekraftig framtid utanfor Stortinget. Den bestod av 357 pallar, som me byrja forma til ei hinderløype klokka 6 om morgonen. Politikarane og forbipasserande som våga prøva ho kunne velja mellom berekraftig framtid og den enkle utvegen. Alle valde berekraftig, men møtte på vegen mot utgangen ei rekke hindringar. Desse illustrerte at det alltid er meir utfordrande å velja berekraftig, og at politikarane difor treng råd og assistanse frå eit framtidsombod. Kampanjen har hatt eit mål om å nå ut til større delar av befolkninga, og har difor laga tre kampanjefilmar som viser kvifor med treng eit framtidsombod no. Me har òg fått nye nettsider som er brukarvenlege og inneheld all informasjon ein måtte trenga om framtidsombodet. Mellom anna kan ein no lesa eit intervju med det næraste ein i dag kjem eit framtidsombod, Wales sin kommissær for bærekraftig framtid, Peter Davis. Kampanjeperioden vart runda av med ein debatt på Litteraturhuset om vegen vidare for Framtidsombodet. Leiar i Spire, Mari Gjengedal, nestleiar i Barneombodet, Knut Haanes, og Stortingsrepresentant frå Høgre og medlem av energi- og miljøkomiteen, Tina Bru, stilte med opne sinn og gjennomtenkte standpunkt. Dei sørgde for ei veldig verdig avslutting på vårens kampanje. Med 1000 underskrifter i boks og ei stadig sterkare sivilsamfunnsrørsle bak kravet om eit framtidsombod er det sjølvsagt uaktuelt å leggja arbeidet for eit framtidsombod ned. Arbeidet held fram i den planlagde FOBU-gruppa (FramtidsOmbud og Berekraftig Utvikling), som òg skal jobba med FNs nye berekraftsmål. Om dette er noko du er interessert i å vera med på, er du hjarteleg velkomen! Takk til alle som har vore med og gjort kampanjen vellukka! Helsing kampanjeleiar, Lina Hamre. Comments are closed.
|