Meir enn 30 organisasjonar har slutta seg til kampanjen for opprettinga av eit framtidsombod. I 2014 viderefører Spire kampanjen og vi ynskjer ditt bidrag!
Me ser etter folk med engasjement og moglegheit til å forplikta seg til litt ettermiddags- og kveldsarbeid, som heldt til i Oslo eller omegn. Du vil få verdifull arbeidserfaring, møta engasjerte og hyggelege folk og få moglegheita til å vera med å betra strukturar i det norske systemet og livsgrunnlaget for komande generasjonar. Miljølovnadane haglar frå dei ulike partia fram mot stortingsvalet. Erfaring viser likevel at langsiktige omsyn til miljøet fort blir ignorert til fordel for ynskje om kortsiktig økonomisk og politisk gevinst. Framtida er sjeldan lenger vekke enn neste val. Framtidige generasjonar vil merka til det fulle konsekvensane av politiske avgjersler tekne i dag. Det vil påverka deira moglegheiter til å møta økonomiske, sosiale og miljømessige utfordringar. Likevel manglar det ein politisk uavhengig institusjon som sikrar ei berekraftig utvikling. Difor har Spire teke til orde for etableringa av ein ombodsperson for framtidige generasjonar. Meir enn 30 norske sivilsamfunnsorganisasjonar har underskrive kampanjen for eit framtidsombod, som er hovudsatsinga for Spire også i 2014. Dersom dette er noko som engasjerer deg, ynskjer me dine innspel i kampanjearbeidet! Opptak er no avslutta. Har du spørsmål? Ta kontakt med kampanjeleiar Lina Hamre på tlf: 924 29 868 eller på mail: hamre.lina@gmail.com Les meir om kampanjen her. Framtidsombudet from Spire, Utviklingsfondets Ungdom on Vimeo. Comments are closed.
|