Dei siste hundre åra har matvanane våre endra seg på ein måte me ikkje har sett maken til sidan menneskja byrja å dyrke jorda, og for vanlege forbrukarar er det ikkje berre lett å forstå dei globale konsekvensane av vala ein tek framfor hyllene i matbutikken. Dette problemet vert ikkje lettare ved at ei handfull multinasjonale selskap kontrollerer store delar av den globale landbrukssektoren. Desse selskapa gjer det dei kan for å skjule dei negative effektane ved storskalaproduksjon, eller ”factory farming,” som er den rådande forma for landbruk over størsteparten av verda. Som forbrukar er det difor viktig å ta i betraktning at kvart måltid me et har globale konsekvensar, og at det er opp til oss sjølv å velje om desse konsekvensane skal vera positive eller negative for klima, miljø, dyr og menneskjer.
Ein ekspanderande økonomi som gir større kjøpekraft over store delar av verda fører til at fleire og fleire endrar kosthaldet sitt til ein måte som går hardt ut over blant anna jord- og vassresursar, biodiversitet og det globale klima. I følgje ein rapport frå den Europeiske kommisjon har maten me et større innverknad på klimaendringar enn noko anna aspekt av dagleglivet. Matproduksjonen står for 31 prosent av den globale oppvarminga, og kjøttproduksjonen utgjer 18 prosent av klimagassutsleppa. Ein britisk studie finn at utslepp frå oksekjøtt er så høgt som 16 kg CO2 per kg kjøtt. Til samanlikning er utslepp frå kveite 0.8 kg CO2 per kilo. Den effektive måten ein i dag produserer kjøtt på, har gjort kjøtt til eit kvardagsprodukt for fleire og fleire folk over heile verda, og etterspurnad etter kjøtt vert stadig større på grunn av høgare inntekter og folkevekst. Den stadig aukande etterspurnaden etter kjøtt har gitt opphav til det som vert kalla ”Factory Farms”. På slike ”fabrikkar” er målet å produsere mest mogleg kjøtt til lavast mogleg pris. Resultatet er at dyra vert stua saman så tett som mogleg, og den største kjøttprodusenten i USA har 700.000 kyr. Desse vert avla på kraftfôr som inneheld soya eller mais, som i stor grad er produsert på store gardar i Argentina og Brasil. På slike gardar er stikkorda for produksjonsmetoden monokultur, mykje sprøytemiddel og kunstgjødsel; metodar som fører til øydelegging av jord og grunnvatn. Største parten av desse avlingane er også genmodifiserte (GMO), noko som fører til endå meir bruk av sprøytemiddel. Det mest brukte sprøytemiddelet består av glyfosat, og restar av dette vert funne i produkt frå dyr som et fôr med GMO-planter, blant anna kjøtt, egg og mjølk. I områda der slike planter vert dyrka har biodiversiteten sunke dramatisk, og kjemikalie kan også søkke ned i grunnvatnet. Krefttilfella har det siste tiåret tredobla seg der dette sprøytemiddelet vert brukt, og mødrer som bur i ein omkrins på ein kilometer rundt plantasjar der dei bruker glyfosat har dobbel så stor risiko for å føde barn med misdanningar. Det norske landbruket er svert avhengig av soyaimport frå Brasil. Kvart år importerer norsk landbruk over ein halv milliard tonn soya til kraftfôrproduksjon frå dette landet på andre sida av jorda. I Noreg er GMO-fôr forbode ved genteknologilova, men oppdrettsnæringa har dispensasjon til å bruke slikt fôr. Det er også eit stadig aukande press på norske myndigheiter om å opne opp for import av GMO-produkt. I tillegg til å øydeleggje grunnvatn med blant anna gjødsel og sprøytemiddel, er storskalaproduksjon forbunde med intensivt vassforbruk. Landbruk er hovudkjelda for den globale vasskrisa, og konsumerer 70% av ferskvatnet som er tilgjengeleg på verdsbasis. Ein tredjedel av vatnet som vert brukt i landbruksproduksjon går til husdyrbestanden, hovudsakleg indirekte gjennom fôr. I følgje WWF trengst det 15.500 liter vatn for å produsere 1 kg oksekjøtt. Når ein tredjedel av verdas befolkning ikkje har nok drikkevatn og 1.1 milliardar menneskjer ikkje har tilgang til reint drikkevatn seier det seg sjølv at dette er ei urettvis fordeling av jordas vassresursar; for at folk i den vestlige verda skal få ete kjøtt i store mengder må folk i Sør svelte og tørste. Det er langt i frå gitt at folk ikkje hadde vore svoltne og tørste om me hadde ete mindre kjøtt. Det er derimot sikkert at fordelinga ville vorte jamnare då mykje av det som vert dyrka til dyrefôr vert dyrka i allereie vassfattige land, og det vatnet som fins er i fare for å bli utsatt for forureining. Dersom kjøttforbruket fortset å auke i det tempoet det gjer i dag, vil vassmengda som trengst til kraftfôrproduksjon doblast innan midten av dette hundreåret hevdar Worldwatch Institute. I tillegg vil klimaendringar som følgje av global oppvarming truleg redusere vassmengda endå meir. 2.5 milliardar menneskjer lev allereie i områder med ustabil vassforsyning, og innan 2025 vil dette talet vera over halvparten av verdas befolkning. Dette kan føre til konfliktar i desse områda. At matvanane våre fører til klimaendringar er eit stort problem for den globale matsikkerheita, og problemet vert størst for dei som er mest matusikre frå før. Klimaendringane fører til dårlegare avlingar av viktige matvarer i Sør, og FAO antar at dette problemet vil bli større etter kvart som jorda vert varmare. Ekstremvær og tørke vil førekoma oftare, og dette går hardt ut over matsikkerheita både på lokalt og globalt nivå. Dersom forbrukarar over heile verda vert gjort meir merksame på problema med eigne matvanar, vil mange truleg få eit anna forhold til kva dei kjøper i butikken. Ein bevisst forbrukar vil krevje meir berekraftige produksjonsmåtar som blant anna småskalalandbruk representerer. Denne forma for landbruk vert utøvd i pakt med naturen og økosystemet, og utnyttar jord og vatn meir effektivt enn storskalalandbruk. Dyra får beite ute, og slik vert det mindre trong for kraftfôr basert på soya som er produsert på andre sida av jorda. Denne måten å drive landbruk på er også med på å redusere CO2 utslepp, då graset fangar opp mykje av denne gassen. Det er også trong for å kutte ned på kjøttforbruket. I store delar av den vestlige verda er dette ein trend som byrja å vise seg for nokre år sidan. I mange land har kjøttforbruket stagnert, og i nokre land har det gått litt ned, men i land med voksande økonomiar er trenden den motsette. For å snu denne trenden trengst det bevisstgjering og politisk mot og vilje. Likevel er det forbrukarane som til sjuande og sist har det siste ordet; det er vala me tek i butikken som kan hjelpe oss til å få ei betre verd å leve i. Skrevet av Solveig Lygre, Spire Denne artikkelen er publisert i Tvergastein, Utgave 5 “Food Rights and Food Fights” (12. november 2014) Comments are closed.
|