Kva er viktig for at du skal engasjere deg? Spire har fleire aktive enn nokon gong og har lagt en eineståande aktiv haust bak seg. Vi har snakka med Anna Karlsson om kvifor ho har vald å bli aktiv i Spire.
Kvifor er du med i Spire? Eg er med i Spire fordi det er ein fantastisk organisasjon som jobbar med akkurat det som ligg mitt hjarta nærast. Dette er viktige saker som hastar, og eg er glad for at eg kan få vera med å virke inn på mi eig og andre si framtid. Eg meiner me har eit ansvar for å seia i frå når det er noko me ikkje er einige i, og akkurat no er det ein heil del ting som skjer i verda som eg ikkje syns er ok. Kva for moglegheiter har du til innverknad ved å vera med i Spire? Spire har eit stort netteverk, så det fins mange moglegheiter til å knyta nye kontaktar, og så når me ut til mange menneskjer gjennom våre arrangement og gjennom at me er synlege i media. Dessutan er me med på mange politiske prosessar, me kjem blant anna med innspel og råd til vedtakstakarar. Kva lærer du av Spire? Eg har lært mykje! Eg har fått ny kunnskap om dei tema me jobbar med, men eg lærer også mange praktiske ting, som korleis ein organisasjon fungerer, formidla kunnskap til andre, snakka framfor folk og gi intervju! Kva er kjekkast med Spire? Spire er ein relativt liten organisasjon med utrulig dyktige og hyggelige medlemmer som er veldig aktive, imøtekomande og inkluderande! Det er alltid noko på gong, og eg har kjent meg som ein del av organisasjonen frå dag ein. Det er kjekt å jobba saman med andre for noko som er så viktig! Kva grønsak synes du er best og kvifor? Akkurat no på hausten må det bli ein type kål. Villkål kanskje. Den er kjempegod å wokka saman med andre grønsaker, eller å lage ekte surkål av. Eller gulrot, i gulrotsuppe, som den er eller i smoothies! Hadde eg fått spørsmålet om sommaren hadde det sikkert vore noko anna…. Comments are closed.
|
Categories
All
Arkiv
May 2022
|