Sommaren er på veg, eksamen nærmar seg slutten og arbeidet med soyakampanjen er i gang. Me tok ein prat om Spire, mat og grilling med Solveig Lygre, påtroppande koordinator for matutvalet.
Kven er du? Solveig, sjølvsagt! Eg kjem frå Stord. No er eg nett ferdig med ein bachelor i utviklingsstudier, og frå før har eg ein bachelor i sosialantropologi. Eg er kokk og arbeider framleis med matlaging eit par dagar i veka. Til hausten skal eg begynna på master i statsvitskap. Kva gjer du i Spire? Eg er med i matutvalget og arbeider med matpolitiske tema og Nord/Sør-spørsmål. Kva me et påverkar faktisk folk andre stader i verda, medan for eksempel auka bruk av biodrivstoff eller endringar i handelsavtalar påverkar kva folk andre stader i verda et. Til hausten satsar eg på at me skal skriva ein del kronikkar om denne typen tema, og det trur eg vert kjekt. Korleis vart du aktiv i Spire? Ei studievenninne fortalte meg om Spire. Eg sjekka litt opp sjølv og kom fram til at Spire var den organisasjonen som appellerte mest til mine interesser, og at matutvalet var heilt perfekt for meg. Eg melde meg inn og vart aktiv i Spire i september i fjor. Kva er ditt beste spireminne så langt? Det beste med Spire er jo å jobba med tema eg interessert i og brenn for, men dei koselegaste minna er nok frå Supersøndagane med matutvalet. Det er veldig kjekt å laga og eta god mat saman og å snakka om ting som er litt på sida av Spirearbeidet. Det begynner å bli skikkeleg sommarstemning, og for mange betyr det grilling. Har du nokre tips til korleis eit grillmåltid kan gjerast meir miljøvenleg? Ja. Både å bruka mindre kjøtt og å grilla lokale matvarer vil gjera grilling meir miljøvenleg. Det er for eksempel kjempegodt å grilla norsk chèvre med honning og eple eller rødbeter (kjem an på om det er seint eller tidleg på grillsesongen). Fisk er òg eit godt alternativ. Makrell er kortreist og kjempegodt på grillen. Særleg om du har fiska han sjølv! Comments are closed.
|
Categories
All
Arkiv
January 2021
|