Det var fullt hus da Spire arrangerte debatt på Litteraturhuset i Oslo om bruken av soya i norsk landbruk. Kor mykje soya et eigentleg dyra våre? Kva har den store soyaimporten å seie for det økologiske fotavtrykket til norsk landbruk? Korleis påverkar dette helsa vår? Og er norsk soyaimport usolidarisk overfor urfolk og jordlause i Brasil? I panelet deltok Sindre Flø (Felleskjøpet), Jessica Kathle (Norsk Landbrukssamvirke), Anna Haug (professor i ernæring ved NMBU), Helene Lind Jensen (Natur og Ungdom) og ordstyrar var Heidi Lundeberg (Latin-Amerikagruppene i Norge).
Norsk landbrukspolitikk har senka ambisjonsnivået Noreg har hatt ein ambisiøs landbrukspolitikk, kunne Flø fortelja. I etterkrigstida ynskte regjeringa å auka matproduksjonen som ein del av gjenoppbyggingsstrategien. Over ein 30-40-årsperiode vart det innført ei fordeling som auka arealbruken og gjorde det lettare å driva landbruk i bygdene. Enkelt sagt, i alle fall frå ein vestlending sitt perspektiv, ville det seie at kornbøndene på Austlandet fekk meir pengar for å produsera korn. Når korn vart meir lønsamt slutta kornbøndene å produsera andre ting, men konsentrerte seg fullt og heilt om korn. Dette auka produksjonen av korn, som deretter vart frakta rundt til bygder i resten av landet og nytta som fôr. Dagens kraftfôr inneheld òg korn, men dyra får ikkje like mykje korn i dag som dei fekk før. Kraftfôr kan eigentleg innehelda kva som helst (så lenge det er billeg), men er sjølvsagt samansett slik at dyra kan yta mest mogleg. Protein er viktig for at svin og kylling skal veksa raskt, og for at kyr skal produsera mest mogleg melk. Soya er den vanlegaste proteinkjelde for husdyr, etterfulgt av raps. Det meste av soyaen som vert nytta i norsk landbruk kjem frå Brasil, medan ein mindre del kjem frå Canada. Soya og økologisk fotavtrykk Helene frå Natur og Ungdom var fyrste kvinne ut til å kommentera effektane av soyaimport på det økologiske fotavtrykket til norsk landbruk. Ho forklarte at importen påverkar det økologiske foravtrykket på fleire måtar, og ein av dei er transport. 500 000 tonn soya (årsforbruket til norsk landbruk) er mykje. Det må eit lasteskip til kvar månad for å frakta dette frå Mato Grosso til Fredrikstad. Deretter må det ferdige kraftfôret fraktast rundt frå Fredrikstad til alle landets gardar og FK-butikkar. Til saman utgjer dette ekstremt mykje transport og dermed store CO2-utslepp. Norsk kjøttforbruk har auka mykje dei siste åra, og då særleg forbruket av svin og kylling. Me vert meir avhengige av importert fôrråstoff, og mindre og mindre sjølvforsynte. Utmarksbeite går ut av bruk og mykje land vert liggjande brakk. Kulturlandskapet gror etter kvart igjen og me taper biologisk mangfald når plantesortane knytt til kulturlandskapet forsvinn. I følge Helene er det altså heilt feil å kalla kulturlandskapsforkjemparane for estetikarar, for det er meir enn vakkert landskap som står på spel. I tillegg legg me beslag på land tilsvarande 350 000 fotballbanar i Brasil. Presset på regnskogen og cerrados aukar. Det er eit paradoks at den Norske stat investerer millionar i den brasilianske regnskogen, men samtidig har ein ladbrukspolitikk som tillèt at me legg beslag på brasiliansk landbruksjord. Du blir det husdyra har ete “Husdyra blir også det de eter!” Anna Haug, professor i ernæring, har stor entusiasme for fôr. På spørsmål om kva soyabruk har å seie for dyra sin ernæring, så vel som for helsa vår, starta Haug med å fortelja om soyaolje, omega-3 og omega-6. På NMBU vart det gjennomført forsøk der kylling i kontrollgruppa fekk fôr med 4% soyaolje medan testgruppa fekk fôr med 4% lin- og rapsolje. Det viste seg at dette verkeleg påverka fettsyresamansetninga i kjøtet. Soyaoljekyllingen hadde høgdare omega-6-innhald, medan lin- og rapsoljekyllingen hadde høgare omega-3-innhald. Desse kyllingane hadde deretter vorte etne av to grupper studentar i to veker, og funnet var enkelt og greit at lin- og rapsoljekyllingen var sunnare enn soyaoljekyllingen. Det er ikkje naturleg for kylling og gris å eta soya. Soyaprotein er helsemessig greit for dyra, men ernæringsmessig bør soyaolja idéelt sett bytast ut med andre planteoljer. Anna framheva at det er forbrukarpress som skal til for å få næringa til å ta i bruk andre fôrtypar. Bønder og fôrprodusentar er som alle andre; Dei legg opp drifta slik det lønner seg mest. Sindre, som på sett og vis representerte fôrprodusentane, var einig i dette, og la til at forbrukarpress verkeleg kan nytta. Berre tenk på palmeolje! Eit naturleg spørsmål er då om raps og lin kan produserast i Noreg. Og ja, sa Jessica, det kan det forsåvidt. Kosthaldsråd basert på amerikanske tilstandar Ordstyrar Heidi var svært skeptisk til kylling, og lurte på kvifor me ikkje heller et sau. Er ikkje sauar fine dyr, spurde ho. Og jo, det kunne ernæringsfysiologen vera einig i. “Sau er eit kjempealternativ. Den går mykje ute og beiter. Det er veldig uheldig med dei nye anbefalingane om kunn 500g raudt kjøtt i veka, som òg inkluderer lam. Dette er basert på amerikanske studier med raudt kjøt. Amerikansk kjøt kan ikkje samanliknast med norsk! Dyra et svært ulike ting. Når det gjeld kylling er eg derimot ikkje heilt einig. Det som er fint i Noreg er at me har svært lite sjukdommar. Me slepp salmonella, har lavt smittepress og sunnare dyr. Me er heldige som kan eta blautkokt egg!” Kvifor kan me ikkje produsera meir av denne flotte sauen? “Om det hadde vore meir lønsamt, hadde me hatt større produksjon,” sa Kathle. “Men det er det ikkje berre bøndene som bestemmer. Eg er for såvidt einig: Bruk utmarksressursane, bruk beite! Me kan ha dobbelt så mange dyr på beitejord som det me har i dag. Det er ein uutnytta ressurs!” Usolidarisk å ikkje bruka eiga matjord? “Kvart land som har evne til det burde ha plikt til å brødfø eiga befolkning. Me må brødfø vår eiga befolkning på eigne ressursar.” For representant frå Natur og Ungdom var det viktig å legga til at denne plikta særleg bør følgast no, for med klimaendringane vert avlingar øydelagde både her og andre stader i verda. Klimaendringane er urettferdige, særleg overfor folk i fatige land, og me raner i tillegg til oss deira ressursar! Det var ingen tvil i panelet om at det er usolidarisk å legga beslag på 350 000 fotballbanar i Brasil, men kva skal til for å få slutt på dette? Det enkle svaret er at det må bli meir lønsamt å nytta gras, beite og korn, og mindre lønsamt å nytta soyabasert kraftfôr. Det lange svaret finst kanskje ikkje enno, for det måtte i såfall vera svaret på korleis gras igjen kan bli billegare enn kraftfôr. Comments are closed.
|
Categories
All
Arkiv
January 2021
|