Genmodifiserte organismar (GMO) er resultat av forsking og oppfinning. GMO er enno ikkje lov i Noreg og slik vil me gjerne fortsetja å ha det! Difor støttar me såfrøaksjonen.
Med genteknologi kan me endra arvestoffet til ulike organismar. På denne måten kan me gje planter nye eigenskapar som dei ikkje tidlegare hadde. For eksempel kan jordbær få gen for kulderesistens. Dei vanlegaste eigenskapane som vert tilført genmodifiserte planter er likevel sprøytemiddelresistens og evna til å produsera eigne insektgifter. Genmodifiserte organismar (GMO) er resultat av forsking og oppfinning. Difor kan det takast patent på slike organismar. Selskapa som tek patent på organismar kan bestemma reglane for bruken av produkta sine, for kven som får forska på produkta og kva for forskningsresultat som kan publiserast. Patentmoglegheita som i utgangspunktet skulle gjera det lønsamt å forska og å vera innovativ, har blitt eit problem for bønder, forskarar og alle andre som lev på jorda. Dersom ein bonde har kjøpt GMO-såfrø frå eitt av dei store selskapa som produserer slike frø kan han ikkje nytta frø frå avlinga si som såfrø det neste året. Dette gjer det potensielt dyrt for bonden å nytta GMO-ar. I tilleg er dei sprøytemiddelresistente plantene kun resistente mot enkelte sprøytemiddel, helst dei produsert av same selskap som frøa. Selskapa tener godt på GMO, men det gjer ikkje alltid bøndene. Lite uavhengig forsking Formålet med den norske genteknologilova er å sikra at bruk av GMO skjer på ein berekraftig, etisk og samfunnsmessig forsvarleg måte. For at me skal kunna vita om ulike GMO er forsvarlege treng me forsking. Diverre er det svært få uavhengige forskarar som får lov til å forska på produkta til dei store frøselskapa, og om dei får lov å forska er det ikkje sikkert at dei får publisera funna sine. Så lenge dette held fram kan me ikkje vera sikre på helseeffektane av å eta slike organismar. Me kan heller ikkje vita om dei spreier seg i naturen (slik enkelte av dei, mellom anna GMO-raps, ser ut til å gjera), er skadelege for insekt eller har andre effektar på det biologiske mangfaldet. Søknadar på bordet I fjor sa regjeringa nei til bruk av genmodifisert raps, men søknadar om å få nytta mais som er genmodifisert til å tåla sprøytemiddel og poteter med endra stivelseinnhald (til industriell bruk) ligg framleis på bordet. Me meiner at det ikkje er forsvarleg å ta i bruk genmodifiserte planter før alle moglege bieffektar av dette er kjende. Såfrøaksjon! Torsdag 6. juni kl. 18.00 vert det såfrøaksjon på ”Herligheten” i Bjørvika. Oppmøtet vert i Middelalderparken. Der vil me planta frø av gamle kornsortar, og der vil bli appellar. Kom og bli med! Appellantar: Ellen Øseth (SV), statssekretær i Miljøverndepartementet Amy Fanceschini, kunstner, Future Farmers Nils T. Bjørke, leder, Norges Bondelag Dagrun Eriksen, Stortingsrepresentant, KrF Andreas Viestad, matskribent og faglig ansvarlig, Geitmyra matkultursenter for barn Silje Lundberg, leder, Natur og Ungdom Mani Hussaini, Sentralstyremedlem, AU Aksjonen er arrangert av Nettverk for GMO-fri mat og fôr i samarbeid med «Flatbread Society» og MAJOBO – mat og jord, der du bor. Nettverket består av:Biologisk-dynamisk Forening, Coop Norge Handel, Debio, Framtiden i våre hender, Greenpeace, Grønn Hverdag, Miljøvernforbundet, Natur og Ungdom, Norges Birøkterlag, Norges Bondelag, Norges Bygdekvinnelag, Norges Bygdeungdomslag, Norsk bonde- og småbrukarlag, Norsk landbrukssamvirke, Naturvernforbundet, Oikos – Økologisk Norge, Spire - Utviklingsfondets ungdom og Utviklingsfondet Mer informasjon fra Nei til GMO Norge, her. Comments are closed.
|