![]() Kven er dei aktive i Spire? Kvifor ofrar dei fritida si for å engasjere seg? Me har snakka med Charles i Spires kampanjeutval! Kven er du? Eg kjem frå Hong Kong, men er halvt sveitsisk og halvt irsk. Eg blir snart 24 år og flytta til Bergen for fire år sidan for å studera samanliknande politikk. Kvifor er du aktiv i Spire? Spire er ein meiningsfylt organisasjon, og eg bryr meg om dei tema Spire jobbar med. Dessutan var det enkelt å bli med, for Spire har eit ope miljø der ein fort kjenner seg trygg og velkomen. Og så er det ein organisasjon som gir veldig mange moglegheiter! Kva lærer du av Spire? Berre på dei siste månadane synest eg at eg har lært mykje om samarbeid og ansvar. Eg har òg vore på eit lobbykurs for Spire der eg lærte om korleis sivilsamfunnet kan påverka politikarar. Gjennom å sitja i kampanjeutvalet til Spire får eg ta del i alle sider ved å driva ein politisk kampanje – det er veldig spennande og lærerikt! Kvifor likar du med å jobba med kampanjen for eit framtidsombod? Det gir meining i kvardagen! Å få oppretta eit framtidsombod er noko eg bryr meg om. Eg vil vera med og forandra samfunnet vårt til noko betre. Det er inspirerande å oppleva at me i kampanjen allereie ser korleis me, med ganske få midlar, har kome i kontakt med politikarar. Når du ikkje jobbar på skule eller med framtidsombodet, kva likar du best å gjera? Segla på fjorden! Laga øl! Sjå Homeland og The Good Wife! Comments are closed.
|
Categories
All
Arkiv
April 2021
|