Representantar frå Venstre har fremja eit forslag om å utarbeida ein heilskapleg jordvernplan. Me stilte, i likskap med fleire andre organisasjonar, til open høyring i dag for å møta politikarane og fortelja dei kor viktig jordvernet er. Me menneske er i stadig evolusjon, men enkelte ting endrar seg lite. Ein av konstantane er tendensen til å setja kortsiktig vinning over framtidig vinning. Dette har mellom anna vorte påpeikt av økonomen Katrine Nyborg i skildring hennar av det økonomiske menneske. Medan Homo Oeconomicus, økonomane sin idealtype for menneskeleg økonomisk tenking, alltid vil maksimera økonomiske nytte, er me ekte menneske skrudd saman noko annleis. Me har mellom anna evna til å tenkja på andre enn oss sjølve, og til å tenkja på andre ting enn pengar. Desverre har me òg nokre irrasjonelle eigenskapar som gjer at me lett vel vinning i dag framfor større vinning i framtida. Dette kan vera dumt for enkeltindivid, men dess mykje verre når den kortsiktige tenkinga vert løfta opp på eit kollektivt nivå.
Sidan andre verdskrig har me i Noreg omdisponert omtrent 1,2 millionar dekar dyrka og dyrkbar mark. Dette skjer trass i at berre 3% av landarealet i Noreg kan nyttast til landbruk, og kun 1,3% er av god nok kvalitet til å produsera matkorn. Alle veit at me må ha mat. Dei færraste er så naive at dei trur at andre land vil eksportera maten sin dersom det vert dårlege tider. Me veit altså at det på lengre sikt er risikabelt å bygga ned matjorda. Kvifor gjer me det då? Litt enkelt sagt er det den kortsiktige økonomiske vinninga som vert sett i førarsetet, medan matjorda som skal nyttast både av oss og dei som kjem etter oss vert lagt under asfalt. Venstre har no fremja eit forslag om å utarbeida ein heilskapleg jordvernplan. Forslaget kan du lesa her. Mellom organisasjonane som møtte opp på høyringa var det stor semje om at jordvernet må styrkast. Det vart særleg peikt på at jorda må få sterkare juridisk vern, og at arealdisponering i større grad må reknast som eit nasjonalt (heller enn kommuanlt) anliggande. Det vart påpeikt frå fleire hald at nydyrking er eit dårleg alternativ til jordvern, både fordi me treng den skogen me har til å binda karbon, og fordi dei areala me eventuelt kan dyrka opp ikkje har halvparten så høg produksjonsevne som jorda i pressområda. Me meiner at eit Framtidsombud, som ein politisk uavhengig instans, vil kunna sørga for meir langsiktig tenkning, òg når det gjeld arealbruk og jordvern. Framtidsombodet skal mellom anna bidra med grundige utgreiingar av konsekvensar av dagens politikk. På den måten kan det hjelpa politikarane til å tenkja meir langsiktig slik at dei betre kan forvalta ressursane våre, som dyrebar jord, på ein meir rettferdig og berekraftig måte. Framtidsombodet skal vera framtidige generasjonars talerøyr i dagens politikk. Det skal difor arbeida for ei langsiktig forvalting av naturressursane våre, og sørgja for at regelverk som omfattar desse, slik som ein eventuell jordvernplan, blir overhaldt. For jorda vår er dyrebar, og me treng nokon som kan koma på banen kvar gong andre samfunnsinteresser gløymer dette. Nokon som kan minna oss om at dagens handlingar har ringverknadar for barnebarna våre. Spire meiner at me treng eit framtidsombod i Noreg. Comments are closed.
|