Tysdag 18. februar arrangerte Spire alliansemøte. På møtet kom representantar frå heile 19 ulike organisasjonar- det viser at Framtidsombodet engasjerer og interesserer! I fjor valde 29 organisasjonar å støtta kampanjen. I desse finst det mykje erfaring, kunnskap og kompetanse som me i Spire kan dra nytte av. På møtet kom alt frå Forfattaranes Klimaaksjon 110b og re:act til Ungdommens Røde Kors og SU. Alle har dei ulike utgangspunkt for å gje si støtte kampanjen. Berre med ei slik brei samanslutning av støtteorganisasjonar og den legitimiteten dei gir kampanjen, kan Framtidsombodet bli ein realitet ein dag.
Eit mogleg rettsleg argument for eit framtidsombod i den norske forvaltninga finn me i grunnlovsparagraf 110b, som mellom anna seier at ”Naturens Ressourcer skulle disponeres ud fra en langsigtig og alsidig Betragtning, der ivaretager denne Ret ogsaa for Efterslægten.” Difor hadde me invitert leiar i Norsk Klimastifting og tidlegare høgsterettsdommar Pål W. Lorentzen til å innleia. Han fortalde om den såkalla miljøparagrafen og moglege rettslege grep som kan takast i bruk for å stilla myndigheitene til ansvar for passiviteten deira i møte med klimaendringane. Han uttalte at togradarsmålet ikkje lenger er realistisk og at me står ovanfor ein potensiell klimakatastrofe. Myndigheitene bryt difor ei rettsleg forplikting og opptrer rettsstridig og aktlaust når dei ikkje fylgjer 110b. Han meinte at kampanjen for eit framtidsombod bør bruka paragrafen aktivt retorisk, og at denne kan vera eit viktig fundament for Framtidsombodet. Andre innleiar var styreleiar i LNU, Stian Seland, som fortalde om kvifor paraplyorganisasjon for barne- og ungdomsorganisasjonar valde å stilla seg bak kampanjen. Ungdom veit ikkje kva dei skal gjere i framtida og er tent med ei betre verd, i tillegg er det ei gruppe som i liten grad blir definert og gitt noko real innverknadskraft. Eit framtidsombod vil kunne fungera som eit viktig korrektiv til dette. På møtet fortalde òg kampanjeleiar Lina Hamre om planane til kampanjeutvalet, og om korleis me jobbar for å få politisk støtte og gjera konseptet om eit framtidsombod allment kjend. Etter ein pause med noko for å auka blodsukkeret, fekk ei aktiv forsamling høve til å myldra idear om korleis dei ulike organisasjonane kan bidra til kampanjen. Mykje gode og konstruktive forslag kom fram. Kampanjeutvalet ser fram til vidare samarbeid med desse flotte organisasjonane framover våren! Comments are closed.
|
Categories
All
Arkiv
May 2022
|