Men flauare kunne det bli. Statsministerens respons på kritikken vitnar om at den traff litt for godt: Støre gjekk rett på defensiven med eit svar som minner meir om barneskuleretorikk enn det som burde vere ein statsminister verdig. For Jonas Gahr Støre tek ikkje til seg kritikken frå FN, som eit breidt sivilsamfunn har stilt seg bak. Han veljer heller å seie at det er flaut for FN at dei ikkje let Noreg, “FNs beste støttespelar for store klimainitiativ”, få ordet. Noreg, landet hvis regjering sin oljepolitikk byggjer på å utvikle, ikkje avvikle olja. Ein kan snakke så mykje ein berre vil om regnskogsatsningar, elbilar og teknologiske løysingar, men det forblir lite overbevisande. Rapporten “Planet Wreckers” inneheld ei oversikt over land som driver oljeindustrien vidare trass overveldande vitskapleg konsensus om at det vil vere katastrofalt for klimaet. Her blir Noreg nemd, ikkje berre som eit av tjue verstingland, men som ein av dei fem verste blant verstingane. Avstanden mellom ord og klimahandling er for stor. På spørsmål frå Panorama om kva Støre tenkjer om kritikken mot Noreg som oljenasjon, trekk han fram at ein må sjå på det Noreg alt har gjort for å gå over til å bruke fornybar energi. Her må ein merke seg verbet bruke. Det er ikkje feil å vise til at Noreg er gode på å bruke fornybar energi. Når Noreg samstundes er i verdenstoppen for eksport av olje og gass, blir vår bruk av fornybar energi fullstendig irrelevant. Det er faktisk heilt greit at Noreg ikkje får ordet på toppmøtet, når fokuset skal vere på dei som bevegar det grøne skiftet framover. Så lenge Noreg er eit av dei landa som tviheld hardast på den forureinande notida, er det heilt innafor at FN ikkje let oss bruke talarstolen deira til å late som at vi gjer noko anna, utan at det er noko flautt. Det som faktisk er pinleg, er Støres bortforklaringar. Ein versjon av dette innlegget vart publisert i Klassekampen 25. september 2023.
Comments are closed.
|