Norsk matjord er truga - frå fleire kantar. Samstundes som sjølforsyningsgrada er faretrugande låg, byggjast matjorda vår ned og stadig færre ønskjer å bli bønder. Heng det saman, tru?
Men viktigst av alt, så er det inngrep som vil hindre mykje av drifta til bøndene som lev av jorda. De sier at det finst anna matjord i kommuna som er godt eigna til gardsdrift, men at det ikkje fins andre eigna tomter til hus og heim. Men denne jorda er av mykje dårlegare kvalitet, i følgje bøndene. Dette kan bety kroken på døra for gardane. Det er ikkje vanskeleg å finne liknande dømer. Matjorda vår byggjast ned bit for bit, og små nedbyggingar er enkle å godkjenne. Holth og Winge gjorde denne våren ei utgreeing av makt og kontroll i den norske arealforvaltninga. Den fokuserte primært på naturmangfald, men det er lite grunnlag for å tru at det er veldig annleis når det kjem til dyrkbar jord. Dei peikar på ei bitvis nedbygging, som ikkje opplevast som store inngrep, i alle fall for utanforståande. For bøndene som mistar matjorda si handlar det ikkje berre om det store biletet. Det handlar om sjølve levegrunnlaget. Men matjord taper, likeins som natur, over tid kampen mot utbyggingsinteresser og andre arealkrevjande næringsinteresser.
Er det då rart at stadig færre ønskjer vere bønder? Dei som er bønder i dag har knappast råda til å leve av det slik det er. Gardsdrifta vert truga, fordi bøndene konsekvent taper kampen mot resten av samfunnet.
Å gjere norske bygder attraktive å bu i er ei viktig satsing for norske myndigheiter. Å byggje bustadar for dei som ønskjer bu i bygdene er sjølvsagt viktig, men det er langt frå det einaste ein må tenkja på. Norske bønder er ein hjørnestein i det norske landskapet, og gode forhold for bønder må også vere ein del av strategien for attraktive bygdeliv. I det store bildet er bøndenes liv og virke med på å skape ei berekraftig framtid, som har ein mykje lengre tidshorisont enn nye bygningar nokon gong vil ha. Vi treng eit langtidsperspektiv for å forstå verdien til matjorda vi har i dag. Når jorda byggjast ned, forsvinn óg moglegheita for mat i framtida. For norsk mattryggleik, matsuverenitet og sjølvforsyning. Og for bøndene sjølv - dei som dedikerer livet sitt til å syte for at vi har mat på fatet. Det er i grunn ganske enkelt. Noreg treng bonden. Og bonden treng jord å drive på. Dette handlar ikkje berre om bøndene i Ørsta. Det handlar om at matjorda må prioriterast, landet over. Comments are closed.
|