Dei eldre vil sleppa å bu på badet og dei unge vil ha eigen bustad. Dei rike trugar med å forlata landet, medan bøndene vil halda fram å bu på landet. Distriktet vil ha autostradaer og byen vil ha tusenvis av tog. Mange grupper skal tilfredstillast no før valet, og det er difor ikkje rart at røysta til framtidige generasjonar ikkje blir høyrd oppi det heile. Spesielt sidan denne gruppa ikkje har ei røyst i dag. Deira interesser bør likevel bli tald med, og difor tar 31 norske organisasjonar til orde for etableringa av ein ombodsperson for framtidige generasjonar. Framtidige generasjonar vil merka til det fulle konsekvensane av politiske avgjersler tekne i dag. Det vil påverka deira moglegheiter til å møta økonomiske, sosiale og miljømessige utfordringar. Dette poenget slo også dei framsynte karane som skreiv Grunnlova, og i grunnlovsparagraf 110b finn me difor at ”Naturens Ressourcer skulle disponeres ud fra en langsigtig og alsidig Betragtning, der ivaretager denne Ret ogsaa for Efterslægten”. Å sørgja for at ressursane våre blir forvalta på ein berekraftig måte er ei av dei viktigaste oppgåvene me har som samfunn. Likevel ser me at langsiktige omsyn for ofte blir ignorert til fordel for ynskje om kortsiktig økonomisk gevinst. Naturleg nok avgrensar fireårige valperiodar tidshorisonten til dei folkevalde. Difor treng Noreg eit nasjonalt råd utanfor regjeringsapparatet for å sikra ei berekraftig utvikling. Framtidsombodet skal vera ein politisk uavhengig institusjon som har som mandat å vera eit talerøyr for framtidige generasjoner. Det vil ha stor fagleg integritet, og kan difor kvalitetssikra og formidla påliteleg, aktuell og forståeleg informasjon. I tillegg skal det peika på langsiktige konsekvensar av dagens politikk, og sjå til at gjeldande regelverk som omhandlar berekraftig utvikling blir etterfylgd. Framtidsombodet vil såleis fungera som både vaktbikkja og lavinehund på same tid. Meir konkret vil det seia at når regjeringa leflar med tankar om uansvarleg oljeboring i sårbare naturområde, kan Framtidsombodet koma på banen og representera etterslekta. No er det jo ei vrien sak å snakka på vegner av andre, og vern vil sjølvsagt ikkje alltid trumfa vekst, men eit Framtidsombod kan iallfall bidra til å setja miljømessige konsekvensar på dagsorden med meir tyngde. Og når det blir ført ein politikk som legg 10 000 dekar matjord brakk årleg, kan Framtidsombodet minna om at dette frårøvar framtidige generasjonar moglegheita til å dyrka mat på eigne ressursar. Kort sagt kan Framtidsombodet visa oss dei førebyggjande tiltaka framfor dei reparerande og ofte svært kostbare tiltaka. Ville ikkje det vera kjekt å ha ein slik institusjon på laget, Herr Statsminister? Etterslektas skjebne kvilar i hendene på Regjeringa ved Finansdepartementet, som i dag har det øvste ansvar for Noregs politikk på berekraftig utvikling. Denne ordninga fungerer ikkje optimalt. I den nyaste perspektivmeldinga blir økonomisk berekraft godt ivaretatt gjennom planar for langsiktig vekst og velferdsgode, men korleis ein planlegg å imøtekoma framtidige generasjonar sine grunnleggjande behov av ikkje-økonomisk art, framkjem ikkje av meldinga. Finansdepartementet latar til å ha få konkrete planer på dette området. Det er bekymringsverdig at likestilling mellom generasjonar og rettferdig fordeling av ressursar i et langtidsperspektiv blir så dårlig ivaretatt i dag. Dette problemet peika Brundtland-kommisjonen på i 1987 då dei uttala: ”Vi låner miljøkapital fra framtidige generasjoner uten tanke på, eller muligheter til, å betale tilbake. Vi handler som vi gjør fordi vi kan slippe ustraffet fra det.” Høyr på Gro, Jens! Me røvar frå framtida. Det er tungt å binda eit heilt land til masta, men kanskje klarar du det med litt muskelkraft frå eit Framtidsombod. Fleire land har allereie innført politiske uavhengige institusjonar som skal sikra berekraftig politikk på heimebane. Det føregår òg ein internasjonal prosess for å få etablert ein institusjon på FN-nivå. Noreg har skrive under miljøkonvensjonar, inngått internasjonale forpliktingar og utforma ambisiøse handlingsplanar over ein låg sko. Dette forpliktar. Sidan me manglar ein institusjon som forankrar omsynet til framtida i dagens politikk og næringsliv, ligg framtida likevel aldri lenger vekke enn neste val. Berekraftig utvikling og framtidige generasjonars rettar fell i dag mellom fleire stolar. Eit framtidsombod burde allereie ha vore på plass for lenge sidan. Kva er du redd for, Jens? Ein meir langsiktig politikk? Kjære Jens, det er keisamt når alle masar om meir snop samstundes, og det er lett å bli litt slepphendt med sjokoladen. Framtidsombodet kan hjelpa deg med å passa på at det er nok snop igjen til laurdagskveldar i all uoverskodeleg framtid. Med helsing frå framtidige generasjoner, Lina Hamre, kampanjeleiar i Spire Stian Seland, leiar i Landsrådet for Norske barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) Andrew Preston, dagleg leiar i ForUM for Utvikling og Miljø Halfdan Wiik, leiar av Besteforeldrenes Klimaaksjon Kaia Garpestad, leiar i RE:ACT Ei forkorta utgåve av av kronikken stod på trykk i Dagbladet 15.5.2013. Framtidsombodet skal fortsette å vere Spires hovudsatsing for 2014. Les meir om kampanjen og signer oppropet her. Comments are closed.
|