I dag sparker vi i gang kampanjen for et Framtidsombud med fest på Kulturhuset i Oslo. Vi har slått av en prat med den meget spente kampanjelederen, Lina Hamre. Hvordan har det vært å jobbe med Spires største politiske satsning det siste året? Hvem er du?
Eg heiter Lina, er 24 år og frå Tjoflot i Hardanger. No tek eg ein master i internasjonale miljøstudiar på Ås, men i det siste har eg vel brukt meir tid på kampanje enn på lesing. Hva går Framtidsombudskampanjen ut på? Me vil ha eit framtidsombod som skal ha til mandat å vera talerøyr for framtidige generasjonar i dagens politikk. Det er fordi me heile tida ser korleis framtidige generasjonar trekkjer det kortaste strået når langsiktige omsyn er i konflikt med umiddelbar vinning. Hvordan har dere jobbet med kampanjen fram til nå? Me har vore sju personar i kampanjeutvalet, kor alle har hatt kvar sitt ansvarsområde. Det har funka bra! Me har mellom anna jobba med å få fleire støtteorganisasjonar, med å laga filmar, med å planlegga kick-off, stunt og debatt, med å påverka politikarar og med å utvikla ny nettside. Arbeidet har med andre ord vore mangfaldig! Hva har vært de største oppturene foreløpig? Me hadde eit veldig bra alliansemøte i midten av februar, det var kjekt! Og så kjendest det som ein liten siger då Miljøpartiet dei Grøne sende inn spørsmål til utgreiingsseksjonen på Stortinget om korleis Framtidsombodet kan opprettast. Når me har fått svara frå dei har me meir enn vår eigen (dritgode) rapport å slå i bordet med. Hva håper dere at kampanjen skal resultere med? På lang sikt (og me likar jo å tenkja langsiktig) håpar me sjølvsagt at me skal få etablert eit framtidsombod. Men me har fleire delmål, mellom anna at fleire parti på Stortinget skal støtta forslaget vårt, at mange fleire skal signera oppropet for eit framtidsombod. Hvordan har det vært å være Spires kampanjeleder så langt? Det har vore givande! Eg har lært skikkeleg mykje. Til dømes at ringing ofte er betre enn mailing. Og at det faktisk er tre ulike inngangar til Stortinget, og ikkje alle dei fører til Rom, for å sei det slik. Og at møtemat, særleg noko sjokoladete, ofte kan vera skilnaden på eit effektivt og ueffektivt møte. Har du en oppfordring til leserne? Kom på Kick-off for Kampanjen i Kveld Klokka 19 på Kulturhuset! Eller KKKKKK som me likar å sei i K (kampanjeutvalet). Comments are closed.
|