Spire vidarefører kampen for eit framtidsombod. Kom på kampanjelansering den 26. mars!
Spire kjempar vidare for eit framtidsombod denne våren! Me vil ha ein politisk uavhengig institusjon som skal vera talerøyr for framtidige generasjonar i dagens politikk. Det er fordi politikarane våre løyver bort matjord til IKEA, leitar etter nye oljefelt i staden for å leggja til rette for grøne arbeidsplassar og somlar med kollektivutbygging. Me er lei av at framtidige generasjonar alltid trekkjer det kortaste strået. Me treng eit framtidsombod som kan gjera noko med dette og me treng det no! Onsdag 26. mars feirar me lanseringa av Framtidsombodet vol. II til rytmane til Leif and the Future og Mmm. I tillegg kjem fjorårets Brageprisvinnar Ruth Lillegraven for å dela dikt med oss, Hanna Marcussen held appell på vegner av Miljøpartiet de Grønne, og Arne Johan Vetlesen vil fortelja om kvifor framtidige generasjonars røyster bør bli høyrde også i dag. Kampanjeperioden vil innhalda lokale arrangement i Ås, Bergen og Trondheim. Osloborgarar kan gle seg til å sjekka ut ein interaktiv installasjon utanfor Stortinget torsdag 3. april og til å høyra eit høgkvalifisert panel diskutera korleis me aller best kan sikra berekraft i norsk politikk på Litteraturhuset måndag 7. april. Me gler oss til å setja Framtidsombodet på dagsorden att! Kommentarer er stengt.
|